
Den 1. august 2010 blir Bjørn Austigard pensjonist. Tirsdag den 23. mars vil han fortelje om ”livet sitt” på Romsdalsmuseet gjennom 35 år. Han har arbeidd på svært mange felt, og slik har han sett korleis institusjonen har utvikla seg fram til dagens regionmuseuem. Som nytilsett museumslektor tok han mot fleire tusen skoleelevar kvart år. Samfunnet, museet og museumskvardagen har endra seg på disse åra. Tirsdag 23. mars kan du høre Bjørn fortelle fra ei lang museumskarriere.
Bjørn Austigard har stått midt oppi store flytteprosjekt som Hammervolløa, Kyllingstua og Reknesstabburet, og han har vore med på å bygge opp setervollen og Bygata. I desse åra har også Veøy prestegard, Løvikremma, Konfeksjonsmuseet, Nesset prestegard og Ergan Kystfort komme til som nye avdelingar, og parallelt med desse tilvekstane, har arbeidsstokken vakse frå to til 13-14 medarbeidarar. Det har vorte ei nødvending spesialisering.
Dokumentasjonsarbeid har interessert Bjørn Austigard frå dag ein, og han har heile tida drive innsamlingsarbeid i vid forstand. Parallelt med dette har han drive omfattande formidling i kjent, særeigen stil. Han er derfor full av opplevingar frå tallause møte med informantar og publikum. Det gjeld befaringar, olsokarrangement, bokloppemarked, cruiseskipbesøk og kåseriverksemd. Romsdalsarkivet, biblioteket og fotoarkivet har vore hans ”hjartebarn”, og det vil nok bli vist ein del bilde denne kvelden!
Tirsdag 23. mars kl. 19.00 i Gildehallen.
Kr. 200,-. (RMV-medl. kr. 150,-)
På melding til post@romsdalsmuseet.no eller 71 20 24 60 innen 22. mars. Velkommen!