Museumstur til Vestnes og Rauma
 I 2004 arrangerte Romsdalsmuseet og Romsdalsmuseets venner ein rundtur til Rauma, Nesset og Molde for å sjå på tuftene der ein del av museumshusa våre kjem frå. Bjørn Austigard var initiativtakar og forteljar, og bussen var stappfull.
Laurdag 5. juni blir det arrangert ein ny  rundtur med tilsvarande opplegg, men denne gongen går turen til Vestnes og Rauma. Aktuelle stader er: Kyrkje-Sylte (der Tresfjordstua stod), Daugstad (Erikgarden m.m.), Øvre Frisvoll og Eide-tunet (Eidsbygda), Nesjestranda (Lassebua og stabburet frå Åsen). Vi rekk sjølvsagt ikkje å gå av bussen på alle desse stadene, men det vil bli peiking og forklaring. Derimot blir det heilt sikkert ein liten stopp på Tresfjord Museum, Grytten gamle kyrkjegard og Konfeksjonsmuseet i Isfjorden. Lunsj på ”Kilden”, Åndalsnes.

Bjørn Austigard vil som vanleg fortelje om gardar og folk i bygdene vi reiser gjennom på turen.Bussen går frå Romsdalsmuseet presis kl 08.40 med retur ca 16.30

Pris kr 500,-. (Medlemspris kr 450,-)

Påmelding til Romsdalsmuseet 71 20 24 60, Epost: post@romsdalsmusset.no

Arr: Romsdalsmuseet og Romsdalsmuseets venner
Tilbake...