Bjørn Austigard: "Ferdsel på Langfjorden i 1000 år"

Dato: 27. nov. 2022 - 27. nov. 2022
Tid: 12:30
Sted: Konsertteltet på Romsdalsmuseet

Ferdsel på Langfjorden i 1000 år

Langfjorden går frå austenden på Veøya til Eidsvågen og er 33 km lang. Alt i vikingetida var dette ei viktig ferdselsåre. Når kongar og storfolk reiste mellom Trondheim og Bergen fór dei her for å sleppe unna Hustadvika, og når bøndene langs strendene skulle til kyrkja, anten det no var til Veøya eller Rød, så var det fjorden dei brukte. Først i 1872 kom det dampskipsrute etter fjorden, men etter knapt 90 år var ruta lagt ned fordi ferdselen var flytta frå sjø til land. Bjørn Austigard har dei siste åra lagt ned mykje arbeid på å registrere og dokumentere kulturminna knytt til ferdselen på fjorden.

Foredraget er i teltet på friluftsmuseet og er gratis.

Velkomen!

Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv (Original utlånt av Kåre Holm)