Kafeansvarleg ved Kafé Mali på Romsdalsmuseet

Ledig stilling som kafeansvarleg

Romsdalsmuseet er eit regionmuseum med kontorstad ved Krona i Molde. Museet har ni avdelingar med eigne brukarstyre/veneforeiningar. Museet har kulturhistoriske samlingar frå 1600-talet fram til vår tid. Det vart grunnlagd i 1912 og er organisert som ei stifting med 23 tilsette og eit budsjett på ca. 30 mill. kr. Årleg mottek museet driftstilskot frå Staten, Møre og Romsdal fylkeskommune, Molde kommune og romsdalskommunane. Drifta er organisert etter ein funksjonsmodell. Museet har prosjektbasert samarbeid med andre kulturinstitusjonar, organisasjonar og kommunar.

Romsdalsmuseet søkjer kafeansvarleg i 80-100 % stillling for Kafé Mali på Krona.

Stillinga er eit engasjement med høve for fast tilsetjing. Den som får stillinga vil vere sentral i vidareutviklinga av menyen og i å gjere tilboda kjende. Arbeidsoppgåvene er varierte og går ut på dagleg drift av kafeen; oppfølgjing av bestillingar, lage varme og kalde rettar til lunsj og arrangement, ta seg av gjestane, bestille varer til kafeen, lage arbeidsplaner og lære opp ekstrahjelper og helgetilsette.

I Kafé Mali tilbyr vi deilig gjærbakst, vaflar, kaker og enkle lunsjrettar. Mykje av maten blir laga på staden og vi søkjer ein engasjert person som har kunnskap og erfaring med norske mattradisjonar og kan variere med andre innslag. Kafeen er ein møtestad for lokalbefolkninga, vi har arrangement, bedrifter som vil ha mat i samband med kurs og møter, samt bussgrupper og andre tilreisande. 

Vi legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og interesser:

  • Fagleg bakgrunn innan matlaging eller erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Må kunne mattilsynet sine krav til matproduksjon
  • Ha lyst og evne til å skape eit interessant og variert mattilbod med fokus på norske mattradisjonar
  • Det er naudsynt med gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med sosiale medier og lyst til å marknadsføre tilboda for å nå ulike kundegrupper  

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Vere utadretta og glad i å snakke med folk
  • Vere høfleg og vise respekt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, effektivt og strukturert

Vi kan tilby ein spanande arbeidsplass med hyggeleg arbeidsmiljø og gode utviklingshøve.

Arbeidstida er mandag til fredag, men ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid. Utanfor sommarsesongen er museet stengt på mandagar, men det kan vere arrangement og elles tid til å gjere administrative oppgåver. Arbeidsstaden er på Krona, som er ein del av Romsdalsmuseet i Molde. Løn etter avtale innanfor statleg regulativ. Pensjonsordning gjennom KLP.

Søknadsfrist: 15.10.2021

For å søkje på stillinga sender du inn skjemaet nedanfor. Hugs å legge ved CV, attestar og referansar! Du kan også sende søknad per post til Romsdalsmuseet, Per Amdams veg 4, 6413 Molde eller på epost til  post@romsdalsmuseet.no. Spørsmål om stillinga kan rettast til salsleiar Eldbjørg Lamvik, telefon 909 65 610 i kontortida kl 8 - 15.30, eldbjorg@romsdalsmuseet.no.

Fyll inn i søknaden

  • Kontaktinformasjon
  • Oppgi kva du søkjer på
  • Oppgi referansar
  • Skriv om deg sjølv, dine eigenskapar og kvalifikasjonar 
  • Legg ved CV

Send søknad

 
 
 
Maks. størrelse: 5120kb Filendelser: pdf,doc,docx,rtf,txt