Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 14. mai 2021 - 14. mai 2021
Tid: 10:00
Sted: Veøya med avreise Reknes kai i Molde
Påsketuren er utsett til fredag 14.mai 2021 - blir du med?
For første gong i historia kan vi i Kystpilegrimsleia i samarbeid med nøkkelstad Veøya (Romsdalsmuseet, kyrkja, Molde kommune, Masterplan Reiseliv (Molde næringsforum), Møre og Romsdal fylke, DNT og regionalt Pilegrimssenter Smøla) invitere med oss folk til Veøya!
Veøya har ei sentral plassering midt i Romsdalsfjorden, med gode naturhamner og med ei rik historie. Veøya betyr «den heilage øya» og her finn vi både spor etter førkristen kult, dei eldste påviste kristne gravene i landet frå 900-talet, ei mellomalderkyrkje i stein frå 1100-talet, ein prestegard frå 1750 og eit vakkert kulturlandskap.
PROGRAM VEØYA
10.00 – Avreise med båt Reknes kai (ved Løkta/Molde Fjordstuer)
11.30 – framme på Veøya/velkomst, vi ruslar opp mot kyrkja for felles info
12 – 13.00 – guida vandring
13.00 – lunsj i fjøra (ved påmelding svar ja/nei på om du har med lunsj sjølv)
14.00 – inndeling i grupper, ei startar med omvisning i prestegarden, og ei startar med tidebøn i kyrkja (inkl. stempling av pilegrimspass). Vil du kjøpe pass har vi med, og det kostar kr 50,-
14.45 – felles samling på tunet; historieforteljing om kyrkja/gravstøttene
Tid til fri disposisjon – rusle til båten
15.30 – retur Reknes
Framme 17.00
PRIS:
480,-kr inkludert båt tur/retur, inngang kyrkja, prestegarden og guiding
580,-kr inkludert båt tur/retur, inngang kyrkja, prestegarden, guiding og pilegrimslunsjpakke
Vi har 50 plassar, først til mølla!
SMITTEVERN:
Turen ivaretek sjølvsagt Covid-19 omsyn, og vi ber om at du tek med deg munnbind til båtoverfarten.
PÅMELDINGSFRIST: seinast 3. mai
KONTAKTINFO: Hovudkontakt nøkkelstad Veøya:
Jan Erik Syversen 413 53 749
Prosjektleiar Kystpilegrimsleia Møre og Romsdal og Trøndelag: Audhild Mork 95025286
Vil du vite meir om Kystpilegrimsleia og nøkkelstader? www.pilegrimsleden.no