Båten og menneske

Båten og menneske

Periode: 1 sep. 2021 - 25 juni 2022
Målgruppe: 8. trinn, 9. trinn og 10. trinn

Varighet: ca. 135 minutt - 3 skoletimar

Kulturarvformidling gjennom handgripeleg og sansbar aktivitet som gjev kunnskap om korleis ein bygger opne tradisjonsbåtar.

Ved hjelp av eit byggesett i full skala får elevane ei nærare innføring i bygging av  snidbetningen. Denne båttypen vart i hovudsak bygd og brukt på Sunnmøre, men vart og brukt i Romsdal.

Elevane får prøve ulike handverksteknikkar.  Formoppnåing gjennom bruk av øks, sag, høvel, båttvinge, navar, borrevinde, tollekniv og klinkeverktøy.

Sansing av form gjennom å sjå, kjenne og føle.

 

Arbeidsmetode i produksjon: Forholdstal (lengde/breidde/dybde), kroppsmål (alen, tomme, favn), arbeidsbenk (forsete), montering i jigg (bøying / vriding med sparrer og skorder, skruing, trenagling).

Båten vert bygd etter tradisjonsboren kunnskap der byggekodeksen er høvestal og kroppsmål.

Behov for bærehjelp: 2 - 4 personar
Gymsal e.l. Utstyret må stå låst og sikra mellom øktene. Vi kan ikkje pakke ned utstyret kvar dag om vi skal vere fleire dagar på ein skule. NB! Doble dører for å kome inn med båten. Båt: 5,3 x 1,5 meter, pluss anna plasskrevjande utstyr

 

Er dette noko for din skule? Ta kontakt med : birgitte@romsdalsmuseet.no