Ta sommarbåten på Romsdalsfjorden

Publisert: 30. May 2022
Sist endret: 1. Jan 2024

I sommar kan du reise med båt mellom Vestnes, Molde, Åndalsnes, Veøya, Hjertøya og Midsund og få med deg mange flotte opplevingar på kvar plass!

Vi på Romsdalsmuseet er glade for å vere med på samarbeidet og fortset suksessen frå i fjor med omvisning på Veøya. Der får du besøke middelalderkyrkja, prestegarden og bli med på ei historisk vandring. I år kan du bli med båten direkte frå både Åndalsnes og Molde. Viktig å bestille billett på førehand.

Idylliske Hjertøya er perfekt for bading og piknik, men kva med å samtidig få eit innblikk i livet på kysten frå tidlegare tider? Vi stiller også i år med omvisar på Fiskerimuseet, og har du kjøpt billett med sommarbåten, får du omvisninga med på kjøpet. Vi vil også ha nokre hus som du kan sjå inn i på eiga hand.

Du vil kanskje på shopping i Molde eller Åndalsnes, ta gondolen, gå Misundtrappene eller noko heilt anna? Her finn du mange fine tips: https://www.fjordnorway.com/no/reiseinspirasjon/sommerbat-pa-romsdalsfjorden

Vi ønskar deg ei fin tid og håpar å sjå nettopp deg!

Foto: Tonje Sætre/TIBE

Billettbestilling