Hovudbygninga

Den gamle hovudbygninga frå 1702 som stod der da familien Bjørnson kom til Nesset var i så dårleg stand at Peder Bjørnson sende eit brev til kongen med søknad om å få bygge ei ny. Han søkte òg om å få låne om lag 1200 spesidalar. Etter mykje om og men fekk han endeleg pengane, og bygginga kunne starte. Nyhuset stod ferdig i 1846. Det vart gjort lite med bygningen fram til 1895, da sokneprest Thorsen gjorde ein del utbetringar. Etter dette har huset vore modernisert fleire gonger. I ei av rutene i 2. etasje har Bjørnstjerne rissa inn namnet sitt med mora sin diamantring.