Almuens Herrestue

 

Bygd 1815-16. Almuen eigde og hadde ansvaret for dette huset. Herrestua var representasjonsbolig på prestegarden, og kongen, biskopar, andre geistlige og embetsmenn budde her når dei var på besøk. Da Thorsen tilsette ein forpaktar kring 1900, vart huset forpaktarbolig, og var det heilt fram til 1971. Thorsen gjorde òg ein del vedlikehald og endringar mellom 1900-25. På ein bjelke i trappa ser det ut som Bjørnstjerne har prøvd å risse inn namnet sitt. Møblane og inventaret er samla inn frå folk i kommunen. Foto: Anne Lise Norheim