Noregs dokumentarv

ImageGenArkivsamlinga «Stavikbreva – ei transatlantisk brevveksling 1880-1950» ved Romsdalsmuseet har blitt ein del av Noregs dokumentarv

Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register.

Memory of the World (MoW) vart oppretta i 1992, som eitt av fleire UNESCO-program for å gje eit nødvendig løft for å synleggjere og redde kulturarven. I Noreg heiter registeret Noregs dokumentarv. MoW er ikkje ein konvensjon, men kan knyttas opp til fleire konvensjonar, som til dømes Verdsarvkonvensjonen (1972) og UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv (2003). Det finst register på internasjonalt, regionalt og nasjonalt nivå, privatpersonar, organisasjonar og institusjonar kan fremje søknader. Den nasjonale komiteen vurderer og avgjer kva dokument som blir innskrivne i registret, det fyrste opptaket til dokument i registret var i 2012.

Meir om Noregs dokumentarv:

Dokument i registeret for dei ulike arkiva.

2018-11-01 11-02-45 (B,Radius8,Smoothing2)-eStavikbreva – ei transatlantisk brevveksling

I 1876 utvandra Lars Stavig (1844‐1933) frå Fræna i Romsdal til Amerika. Gjennom nesten 70 år brevveksla han med broren Knut Stavig (1851‐1950) som framleis budde heime i Stavika på romsdalskysten.

Medan utvandraren Lars slo seg opp som farmar og handelsmann i Amerika, dreiv Knut som småbrukar, fiskar og skomakar heile livet i Romsdal. Dei to brørne møtte kvarandre aldri att, men skreiv brev til kvarandre gjennom heile livet.

Dette er ei unik brevsamling på om lag 200 brev mellom to brør og familiane deira – både frå Noreg til Amerika og frå Amerika til Noreg. Det finst som kjent ei rekkje «amerikabrev» hjå norske museum og arkiv, men det spesielle med denne samlinga, er at ein har bevart båe sider av korrespondansen.

Dei to brørne fortel i breva om hendingar i det private rommet som omhandla deira eigne og familiane sine liv, men dei skreiv også om samfunna som dei var ein del av. Difor kan breva gje oss to perspektiv. Me kan lese dei som ei familiekrønike eller mest som ein spanande dokumentarroman som gjennom to‐tre generasjonar skildrar liva til to familiar på kva si side av Atlanteren. Men me kan også sjå på brevsamlinga som glimt frå to ulike samfunn i endring då det er mogleg å studere breva i eit breiare historisk perspektiv. Sidan dei representerer ein så lang tidsperiode, er dei med på å gje oss eit perspektiv på den historiske utviklinga i Midt‐Vesten og USA på den eine sida og i Romsdal og Noreg på den andre sida.

Arkivportalen

Arkivet er registrert på Arkivportalen: Stavik-breva .

Noregs dokumentarv finner du her.

Arkivportalen med Stavik-breva finner du her.