Bjørnstjerne Bjørnson sin barndomsheim

”En av de skjønneste gårder i landet, som den ligger der bredbarmet mellom to møtende fjorder med grønt fjell over sig, fossefall og gårder på den motsatte strand, bølgende marker og liv inne i dalbunnen, og utover langs fjorden fjell med nes i nes skytende ut i sjøen og en stor gård ute på hvert” Bjørnstjerne Bjørnson

Slik beskriv Bjørnstjerne Bjørnson barndomsheimen sin, Nesset prestegard i forteljinga Blakken. Namnet på garden, Nesset, stammar truleg frå vikingtida og har gjeve namn til heile kommunen. Frå gamalt av har det vore om lag 20 bygningar på garden, men i dag er det berre 11 som står att, og 10 av dei er freda. Dei husa vi vil omtale her, er dei 7 som utgjer tunet og i tillegg kvernhuset som står nede ved vegen. 


Det er uklart når Nesset vart prestegard, men den første presten vi kjenner til, budde der fra om lag 1590. Vi vil nemne nokre av prestane: Lorentz Schnitler (1755-65) var den første presten som førde kyrkjebok,Jonas Frost (1804-25) vart kalla jordbrukspresten, Johan Wegede (1825-37) var skulepresten, han fekk i gang den første fastskulen i Nesset på Prestneset i 1835. Peder Bjørnson (1838-1853) far til Bjørnstjerne Bjørnson, vert omtala som ein streng men rettskaffen prest og dette førte til ein del konfliktar.Johan Theodor Thorsen (1896-1904), innførde forpaktar på garden, og gjorde mykje vedlikehald og utbetringar på bygningane. Han fekk sett opp ny moderne driftsbygning. Ivar Mathias Fredrikson Hals (1933-47), var prest under krigen, men la ned embetet sitt i 1942, saman med andre prestar, og fungerte da som varaordførar.

Inger Elise Bjørnson, Bjørnstjerne si mor, har planta aska som står på tunet, saman med askealèen som går ned mot Prestneset. Tuntreet er planta i ei av gruene i den gamle hovedbygninga som stod her. Det var opprinneleg to asker; ”Presten og Prestfrua”, men i dag er det berre ”Prestfrua” som står att. Bautaen som står nedom hovudbygninga, vart reist 29. juli 1921, av ungdommar i bygda til ære for bygda sin store diktarson. Karoline Bjørnson gav bronserelieffet av Bjørnstjerne som er innfelt i steinen. Foto: Anne Lise Norheim