Bjørnstjerne Bjørnson

 

Bjørnstjerne Martinius Bjørnson vart født 8.desember 1832 på prestegarden Bjørgan i Kvikne i Østerdalen. Da han var 5 1/2 år fekk faren prestekall i Nesset. Familien kom til Nesset 11. april i 1838. Bjørnstjerne var eldst av fem søsken. I Nesset lærte han seg den munnlege forteljartradisjonen av husmannsfolket og drengane på garden. Dette førde han seinare vidare i bondeforteljingane sine. I 1844 reiste han til Molde for å gå på skule. Her vart han fort kjend som ”Langfjordsbjørnen”. I 1850-52 gjekk han på Heltbergs studentfabrikk i Christiania (Oslo) men fekk ikkje eksamen før i 1854. I mellomtida hadde han vore heime i Nesset og vore lærar for småsøskena sine. Peder Bjørnson var på den tida midt oppe i ein vanskeleg rettssak med ordføraren; Kaptein Lied og vart frådømd stillinga si ei kort stund, men vart frikjend av høgsterett i 1852. I 1853 flytta familien til Søgne.

I 1857 kom det litterære gjennombrotet til Bjørnstjerne Bjørnson, med bondeforteljinga ”Synnøve Solbakken”. Han gifta seg med Karoline Reimers i 1858. I 1863 fekk han som første norske diktar diktergasje frå staten. ”Ja, vi elsker” vart Norges nasjonalsang i 1864. Bjørnson var mykje på reise rundt om i verda, og var politikar og talsmann for dei svake i samfunnet i tillegg til å vere forfattar. Han var og opptatt av kristendom og moraldebatt. Som forfattar var han mangfoldig, og i 1903 fekk han Nobels litteraturpris for heile forfattarskapen sin.

Han reiste fleire gonger på besøk til Nesset etter at familien hadde flytta herifrå, og i mykje av diktinga hans kan vi finne igjen personar, stader og hendingar frå Nesset. Dette gjeld spesielt bondeforteljingane, men og i lyrikken og i andre forteljingar. I eit brev til Alexander Kielland i 1902 skreiv han: ”..jeg er Romsdøl. Der blev jeg til, av det land og folkefærd er jeg særpreget: .. så der lever jeg med til min død.” I 1909 vart han ramma av slag, og reiste til Paris for å få behandling. Han døydde i Paris 26. april 1910. Det siste han skreiv var: ”De gode gjerninger redder verden.” som var overskrifrta til eit dikt om polske fabrikkarbeidersker. Diktet vart aldri ferdig.

For meir spennande informasjon om Bjørnson og Nesset prestegard så må du komme til Nesset prestegard.