Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Havfiske og fisketilvirking er en viktig del av Midsund si historie. Utover på 1900-tallet skjer ei økende spesialisering, der produksjon av klippfisk og salta sild i tønner er to hovedprodukt. Høydepunkt for virksomheten er på 1950- og 1960-tallet. På begge sider av Midsundet fantes flere sjøbuer som drev med mottak av fisk, salting av sild i tønner og tørking av klippfisk for eksport. Virksomheten som har foregått i Antonbua er typisk for næringa og utstillinga viser glimt fra denne historia.
Sjøhuset har namnet sitt etter Anton Elias Ingebrigtsen Misund (1878 - 1957). Frå 1903 var Anton skipper på «Brødrene» (Bøsluppen), den første havfiskebåten i Midsund. Båten eigde han saman med brødrane sine Iver Breivik og Knut Sjøvik. I 1907 registrerer Anton si handelsverksemd og «vil drive almindelig Landhandel». Frå ein liten kolonialbutikk i «Krabbevikbua» driv han også med sal av sild og fisk. Her legde han også rom og budde saman med familien. Dei første åra driv han med salting av sild.
Verksemda vert snart utvida. I 1912 byggjast det nytt sjøhus og kai på «Strandheim», omlag 150 meter mot vest. Antonbua er då den nye basen for mottak og salting av fisk til produksjon av klippfisk. I 1915 bygger familien eigen bustad med butikk, rett attom Antonbua. Sjøhuset vert snart for lite og det skjer fleire utvidingar. På 1920-talet står det to store sjøhus side om side. No gjekk det også føre seg sildesalting på anlegget. Seinare skjer ei større ombyggjing, der Antonbua vert bygd om til eit vinkelbygg med to etasjar og loft. Det er denne forma bygninga har i dag.
I 1922 kjøper Anton Misund ei 73 fot lang frakteskute. «Embla» går i såkalla «slofart» frå Lofoten, som er heimføring av saltfisk for tørking til klippfisk. Det vert no bygd ny kai for at «Embla» skal ha si faste hamn ved Antonbua. Utover på 1930-talet vert anlegget større; det vert sett opp eit notheng for tørking av sildenøter og garn og det vert montert tankar for bunkring av olje, bensin og for vatn. Nothenget bleste over ende omkring 1960 og det vart då sett opp eit skur til sildemottak i staden. Utover på 1950- og 60-talet er det høg aktivitet på anlegget. Samstundes med at det saltast sild i første etasje, vert bankfisk lossa inn i mottaket for å verte vaska og flekkja. Oppe i andre etasje har dei montert ei mekanisk tørke for å auke produksjonen av klippfisk. Sjølve vifta er elektrisk, mens oppvarminga skjer ved bruk av fyringsolje. Eigen generator forsyner sjøhuset med straum. Frå 1949 til 1973 vert det også drive kolonialbutikk i andre etasje. Det er Anton si dotter, Pauline, som driv butikken. Siste mottak av bankfisk skjer i 1971 og markerer slutten for fisketilverkinga i Antonbua. I pionertida for lakseoppdrett, frå siste del av 1970-tallet, vert Antonbua og området rundt base for bedriftene Misundlaks og Mico.
