Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 5. Sep 2025 - 6. Sep 2025
Sted: Nesset prestegard
Tapasbuffet og god drikke fra kl. 17:00
Deilig mat levert av Romsdalsmuseet!
Konsert med Linda Eide fra kl. 20:00
Velkomen til noko såpass sjeldant som ei lys og lett Fosseforestilling!
Fosse for dumskallar er forteljingar, analyser og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger: Verdas fyrste nobelprisvinner med nynorsk som hovudmål!
Mannen, livet og verka. Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han. Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna lite tilgjengeleg som folk skal ha det til?
Dette er dumskallen sin inngangsbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekommande kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.
Tekst og framføring: Linda Eide
Musikalsk og verbal bækking: Sjur Hjeltnes
Kafé i Allmuens herrestue fra kl. 11:00
Salg av blant annet Marit-Sunnivas Makronssnurrer og påsmurt Prestegardsbrød bakt i Eldhuset.
Foredrag med Arill Riise fra kl. 12:30
Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.
I "Der ingen var einsam" skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».
Vi blir kjent med sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Om tyske soldatar som drep i fredsdagar, barn som forsvinn og arvesynd som pregar liv i ei ny tid. Dette er ei gripande, nær og varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».
Romsdalsmuseet står for sal av mat og drikke frå klokka 11:30 - 12:30, og etter arrangementet også.
Fra kl 14:00 vil det være mulig å få omvisning i presteboligen og tunet ved Bjørn Ølander.
Billett kjøpes i kafeen.