Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 27. Jul 2025 - 27. Jul 2025
Tid: 10.00 - 15.30
Sted: Veøya
Dette arrangementet er ein del av eit stort program for Veøya sommaren 2025: SJÅ OVERSIKT
Med «Jordmor på Jorda» sin sigersgang som teaterstykke både på Teatret Vårt og på Det Norske Teatret, er det all grunn til igjen å rette søkjelyset på den unike historia om Edvard si tippoldemor som gjekk til fots til Oslo for å bli Jordmor. Dagens debatt omkring heimefødslar gjer ikkje temaet mindre aktuelt.
Søndag 27. juli vil Edvard Hoem fortelje om Veøy og jordmorvesenet som vaks fram på 1800-talet. Han vil snakke om presten Stub, det vil seie «Gamle-Stubben», men også om amtmann Even Hammer som tok initiativ til jordmorvesenet og dømde barnemordarar til døden. Dette blir ei litt ny vinkling på forfattaren sitt tidlegare foredrag om boka «Jordmor på Jorda».
Foto: Paal Audestad
Bli med på ei historisk vandring med guide frå Romsdalsmuseet. Veøya har ei spanande historie, og vi fortel om ulike arkeologiske funn og historiske hendingar. Du får besøke den unike steinkyrkja frå 1100-talet og prestegarden.
10:00 Båtavgang 1. båt frå Nesjestranda
10:30 Båtavgang 2. båt frå Nesjestranda
15:30 Båtavgang 1. båt frå Veøya
16:00 Båtavgang 2. båt frå Veøya
Billett kjøper du her: Billettar
Billetten inkluderer:
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål:
Epost: post@romsdalsmuseet.no
Telefon: 71 20 24 60
Kontortid: mandag-fredag kl 08:30-16:00