«Setervollen på Romsdalsmuseet blir til» - Foredrag med Bjørn Austigard

Dato: 30. Nov 2025
Tid: 13:00 - 14:00
Sted: Krona, auditoriet

«Setervollen på Romsdalsmuseet blir til» - Foredrag med Bjørn Austigard

Bjørn Austigard har hatt ein finger med i mykje av det som har gått føre seg på Romsdalmuseet dei siste 50 åra, slik er det og med setervollen på museet. Austigard vil i dette foredraget greie ut om dette. Austigard sine foredrag på førjulshelga brukar bli utselde så ver snar!

I mest alle bygder i Romsdal hadde gardane setrer med seterhus. Det var arbeidsintensive veker for dei som stelte, men seterlivet hadde også eit romantisk skjær over seg. I seterbua budde og levde setertausa og gjetarguten i eine enden på bua, medan smør, ost, møss-smør m.m. vart lagra i andre enden. Det var her det økonomiske utbytet av sommaren var å finne. Rundt 1950 vart det slutt på den gammaldagse setringa. Det vart for vanskeleg å finne folk som ville ta på seg oppgåvene.

P. Solemdal, som grunnla Romsdalsmuseet, såg nok klart kva som var i ferd med å skje. Og i 1948 var han i Kanndalen i Eresfjorden på befaring. Her var mange stølar med fleire gamle seterhus, og på eit bilde av Danielbua på Storstølen har han skrive: «Denne sæterbua bør Romsdalsmuseet forsøke å kjøpe.»

Då eg kom til Romsdalsmuseet i 1975, låg dette bildet i ein einsleg konvolutt, og Sverre Berg og eg prata fleire gonger om at ein setervoll eller ei setergrend måtte vi prøve å få. I åra mellom 1975 og 1983 vart fleire hus sikra, men det skulle gå nærare 10 år før setervollen på Rekneshaugen kunne «opnast».

Billettar

Auditoriet har 87 plassar. For å sikre deg plass, bør du kjøpe billett på førehand. Eventuelle restplassar blir selde i resepsjonen frå kl 12:30.

Billettpris: kr 170,-. Halv pris for medlemar i RMV.

Billetten inkluderer foredrag med film, du får sjå nokre av breva og du kan gå i utstillingane våre.

Kjøp billett her

 

Foredraget er del av programmet under førjulshelga på Romsdalsmuseet.

Sjå heile programmet for førjulshelga 2025 her 

Kafé Mali på Krona

Kafeen er open frå kl. 12:00.

Her får du kjøpt kaffe og kake og mykje anna godt.