Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 2. des. 2023 - 2. des. 2023
Tid: Kl 20.00
Sted: Konsertteltet på Romsdalsmuseet
Edvard og Ine Hoem kjem til førjulshelga på Romsdalsmuseet!
Edvard les adventstekstar frå romanane sine og Ine syng den folkekjære gjendiktinga av «O, helga natt» (Å, signa natt) i tillegg til fleire julesongar ho har gjeve ut dei siste åra: «Å, menneske ved juletid» og «Jamn vegane for Herren» med fleire.
Far og dotter Hoem har hatt stor suksess på kvar sine felt, musikk og litteratur. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, mellom anna med romanane om forfedrane som utvandra til Amerika. Ine Hoem har ei innhaldsrik karriere som songar, der fleire av tekstane er tekstar av Edvard Hoem, tonesett av Ine.
Velkomen til ein stemningsfull og vàr konsert med Ine og Edvard Hoem!
Edvard Hoem - tekstframføring
Ine Hoem - song
Andreas Ulvo - angentar
Markus Lillehaug Johnsen - gitar
Foto: Kalleklevmanagement AS