Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 29. Jun 2025 - 29. Jun 2025
Tid: 10.30 - 15.30
Sted: Veøya
Dette arrangementet er ein del av eit stort program for Veøya sommaren 2025: SJÅ OVERSIKT
For tredje år på rad presenterer vi «Sjustjerneprestane», eit musikkspel med Veøy-prest Thomas von Westen i sentrum for hendingane. Vi er i byrjinga av 1700-talet. Kongeriket er involvert i mange og lange krigar. Sju lokale prestar frå Romsdal og Nordmøre med Thomas Von Westen i spissen er djupt uroa over den moralske tilstanden blant folket. Prestane meiner kongeriket lid av undersåttane sitt syndefulle liv. Dei vedtek å ta affære og møtest i kyrkja ute på Veøya for å legge ein plan. Forteljar er førstekonservator ved Romsdalsmuseet, Morten Øveraas, og han har med seg skodespelarar frå revy- og teatermiljøet på Vestnes.
Orgel: Inge Holm Nygård.
Foto: Morten Øveraas
Bli med på ei historisk vandring med guide frå Romsdalsmuseet. Veøya har ei spanande historie, og vi fortel om ulike arkeologiske funn og historiske hendingar. Du får besøke den unike steinkyrkja frå 1100-talet og prestegarden.
10:00 Båtavgang frå Nesjestranda
10:15 Ankomst Veøya
15:30 Båtavgang frå Veøya
15:45 Ankomst Nesjestranda
Billett kjøper du her: Billettar
Billetten inkluderer:
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål:
Epost: post@romsdalsmuseet.no
Telefon: 71 20 24 60
Kontortid: mandag-fredag kl 08:30-16:00