Folkedans for VGS

Folkedans for VGS

Periode: 9 Sep 2022 - 31 Dec 2024
Målgruppe: Videregående
Formidler: Anna Gjendem

Tidsramme: 2 timar evt. utvida versjon 4 timar (musikklinene)

Elevtal: Ein klasse på opptil 30 elevar om gongen

Tilbod til: VG1-VG3, utvida versjon til musikklinene 

Lokasjon: Krona / Romsdalsmuseet eller skolens Gymsal 

Behov: Tavle eller flippover 

Kort om innhold: 

Elevene møter som til gymtime med gymsko og treningsklær.

Booking: send epost til birgitte@romsdalsmuseet.no 

Tilbod via: Folkemusikkarkivet, Stiftinga Viti Folkedans - VGS 2021 lærarrettleiing 

  

FOLKETS DANS / FOLKEDANS

Før var folkedans «folkets dans», dansen som levde og vart nytta i samfunnet.

I dag har folkedansen vorte ein sjanger, slik som vi òg har hip-hop, ballett og moderne.

På danseverkstaden får elevane eit innblikk i kulturarven vår. Dei får gjennom praktisk dans og teori auka kunnskapen om sjangeren folkedans, kva mangfald sjangeren femner og kvifor dansane har vorte som dei er i dag. 

Folkedans er ein sjanger som inneheld både bygdedans, runddans, turdans, songdans, songleik og 1900-tals dans. Det vil seie dansar frå kanskje så langt tilbake som 1500-talet og dansar som swing og linedans som kom på 1900-talet. Dette er mange år med dansehistorie, leik og endringar i samfunnet.

 

Veit du for eksempel at dei moderne dansane som vals, reinlender, polka og masurka kom til Noreg allereie i perioden 1820-1850? Og at dei kom til Austlandet lenge før dei kom til Møre og Romsdal?

 

Elevane vil vere i fysisk aktivitet gjennom det meste av verkstaden. Vi treng då helst ein gymsal som er stor nok til at alle kan danse samstundes utan å kome borti kvarandre.   

 

Tilbodet «Folkedans» er kulturarvformidling laga av Folkemusikkarkivet (fellesteneste for musea i Møre og Romsdal). 

Booking: send epost til birgitte@romsdalsmuseet.no 

 

 

  FOTO:KRISTIN STØYLEN