Nesset prestegard - Bjørnstjerne Bjørnsons Barndomshjem

”En av de skjønneste gårder i landet, som den ligger der bredbarmet mellom to møtende fjorder med grønt fjell over sig, fossefall og gårder på den motsatte strand, bølgende marker og liv inne i dalbunnen, og utover langs fjorden fjell med nes i nes skytende ut i sjøen og en stor gård ute på hvert” Bjørnstjerne Bjørnson

Slik beskriv Bjørnstjerne Bjørnson barndomsheimen sin, Nesset prestegard i forteljinga Blakken. Namnet på garden, Nesset, stammar truleg frå vikingtida og har gjeve namn til heile kommunen. Frå gamalt av har det vore om lag 20 bygningar på garden, men i dag er det berre 11 som står att, og 10 av dei er freda. Dei husa vi vil omtale her, er dei 7 som utgjer tunet og i tillegg kvernhuset som står nede ved vegen. 


Det er uklart når Nesset vart prestegard, men den første presten vi kjenner til, budde der fra 1595. Somme prester vil vi nemne:Lorentz Schnitler (1755-65) var den første presten som førde kyrkjebok,Jonas Frost (1804-25) vart kalla jordbrukspresten,Johan Wegede (1825-37) var skulepresten, han fekk i gang den første fastskulen i Nesset på Prestneset i 1835.Peder Bjørnson (1837-1853) far til Bjørnstjerne Bjørnson, vert omtala som ein streng men rettskaffen prest og dette førte til ein del konfliktar.Johan Theodor Thorsen (1896-1904), innførde forpaktar på garden, og gjorde mykje vedlikehald og utbetringar på bygningane. Han fekk sett opp ny moderne driftsbygning.Ivar Mathias Fredrikson Hals (1933-47), var prest under krigen, men la ned embetet sitt i 1942, saman med andre prestar, og fungerte da som varaordførar.

Inger Elise Bjørnson, Bjørnstjernes mor, har planta aska som står på tunet, saman med askealèen som går ned mot Prestneset. Tuntreet er planta i ei av gruene i den gamle hovedbygninga som stod her. Det var opprineleg to, ”Presten og Prestfrua”, men i dag er det berre ”Prestfrua” som står att. Bautaen som står nedom hovudbygninga, vart reist 29. juli 1921, av ungdommar i bygda til ære for bygda sin store diktarson. Karoline Bjørnson gav bronserelieffet av Bjørnstjerne som er innfelt i steinen. 

Hovudbygningen

Den gamle hovudbygningen frå 1702 som stod der da familien Bjørnson kom til Nesset var i så dårleg stand at Peder Bjørnson sende eit brev til kongen med søknad om å få bygge ei ny. Han søkte òg om å få låne om lag 1200 spesidalar. Etter mykje om og men fekk han endeleg pengane, og bygginga kunne starte. Huset stod ferdig i 1846. Det vart gjort lite med bygningen fram til 1895, da sokneprest Thorsen gjorde ein del utbetringar. Etter dette har huset vore modernisert fleire gonger. I dag er huset framleis i bruk som prestebolig. I ei av rutene i 2. etasje har Bjørnstjerne rissa inn namnet sitt med mora sin diamantring.
 

Almuens Herrestue

Bygd 1815-16. Almuen eigde og hadde ansvaret for dette huset. Herrestua var representasjonsbolig på prestegarden, og biskopar, andre geistlige og embetsmenn budde her når dei var på besøk. Da Thorsen tilsette ein forpaktar kring 1900, vart huset forpaktarbolig, og var det heilt fram til 1971. Thorsen gjorde òg ein del vedlikehald og endringar mellom 1900-25. På ein bjelke i trappa ser det ut som Bjørnstjerne har prøvd å risse inn namnet sitt. Møblane og inventaret er samla inn frå folk i kommunen. 

Borgstua

Alderen på dette huset er vanskeleg å fastslå, men truleg er ho bygd opp ein gong mellom 1757-60, reve ned igjen, bygd opp igjen mellom 1766-75, så reve ned igjen og bygd opp att med loft kring 1850. Den har vore brukt som drengestue, skulerom, møterom og snikkarverkstad og ho vart brukt til konfirmantundervisning fram til 1927. Bjørnstjerne pleide å gøyme seg her inne nå han hadde gjort noko gale, og her lærte han den folkelege forteljarkunsten å kjenne. Det var òg her dei første avhøra av Per Hagbø føregjekk (dømt for eit drap i 1842 og seinare halshogd), som Bjørnson seinare skreiv om i ”Eit stygt barndomsminne”. 

Eldhuset

Dette huset vart frå gamalt av kalla Stør- og Bagerhus, men vi kallar det eldhus. Det er truleg sett opp på slutten av 1700-talet, eller byrjinga av 1800. Kring 1860 vart det teke ned og heva med 3-4 stokkar. Frå gamalt av var det to opne skorsteinsgruer, ei i kvart av romma, og inventaret som er der i dag, kom kring 1900. Eldhuset var grovkjøkkenet på garden i gamle dagar. Det ytste rommet vart brukt til slakting. Steinomnen er framleis i bruk, mellom anna på familiedagen under Bjørnsonfestivalen. Omnen tek om lag 18 brød i gongen.

Stabbur

Det er to stabbur på tunet, og i tida det var forpaktar på garden disponerte han det søndre, medan presten brukte det nordre. Det nordre stabburet er det eldste huset på garden bygd kring 1630, opprinneleg til lagring av tiende (skatt). Det søndre stabburet har fått nytt fundament mange gonger (sist i 2001) p.g.a. at grunnen det står på glir ut. 

Driftsbygningen

Tidlegare var dyra på garden i forskjellige hus. Dei var forfalne da sokneprest Thorsen kom til garden, og han bygde ein ny driftsbygning som sto ferdig i 1902. Han brukte lokal arbeidskraft, så midlane han fikk i støtte gjekk tilbake til bygdefolket. Bygningen var i bruk fram til forpaktaren flytta i 1971, og utleigd til dyrehald fram til 1990. Plana vidare er å gjere bygget om til kulturhus og museum.

Kvernhuset

Det kvernhuset som står der no, stammar fra kring 1840. Kverna var viktig på større gardar. Kring 1960 vart kverna restaurert.
 

Bjørnstjerne Bjørnson

Bjørnstjerne Martinius Bjørnsonvart født 8.desember 1832 på prestegarden Bjørgan i Kvikne i Østerdalen. Da han var 5 1/2 år fekk faren prestekall i Nesset. Familien kom til Nesset 11. april i 1838. Bjørnstjerne var eldst av fem søsken. I Nesset lærte han seg den munnlege forteljartradisjonen av husmannsfolket og drengane på garden. Dette førde han seinare vidare i bondeforteljingane sine. I 1844 reiste han til Molde for å gå på skule. Her vart han fort kjend som ”Langfjordsbjørnen”. I 1850-52 gjekk han på Heltbergs studentfabrikk i Oslo, men fekk ikkje eksamen før i 1854. I mellomtida hadde han vore heime i Nesset og vore lærar for småsøskena sine. Peder Bjørnson var på den tida midt oppe i ein vanskeleg høgsterettssak. Han vart fullstendig frikjend, men likte seg ikkje lengre i Nesset, og i 1853 flytta familien til Søgne.

I 1857 kom det litterære gjennombrotet til Bjørnstjerne Bjørnson, med bondeforteljinga ”Synnøve Solbakken”. Han gifta seg med Karoline Reimers i 1858. I 1863 fekk han som første norske diktar diktergasje frå staten. ”Ja, vi elsker” vart Norges nasjonalsang i 1864. Bjørnson var mykje på reise rundt om i verda, og var politikar og talsmann for dei svake i samfunnet i tillegg til å vere forfattar. Han var og opptatt av kristendom og moraldebatt. Som forfattar var han mangfoldig, og i 1903 fekk han Nobels litteraturpris for heile forfattarskapen sin.

Han reiste fleire gonger på besøk til Nesset etter at familien hadde flytta herifrå, og i mykje av diktinga hans kan vi finne igjen personar, stader og hendingar frå Nesset. Dette gjeld spesielt bondeforteljingane, men og i lyrikken og i andre forteljingar. I eit brev til Alexander Kielland i 1902 skreiv han: ”..jeg er Romsdøl. Der blev jeg til, av det land og folkefærd er jeg særpreget: .. så der lever jeg med til min død.” I 1909 vart han ramma av slag, og reiste til Paris for å få behandling. Han døydde i Paris 26. april 1910. Det siste han skreiv var: ”De gode gjerninger redder verden.” som var overskrifrta til eit dikt om polske fabrikkarbeidersker. Diktet vart aldri ferdig.

For meir spennande informasjon om Bjørnson og Nesset prestegard så må du komme til Nesset prestegard.

Siste nytt

Laster inn innhold Laster inn siste nytt

Informasjon

Priser og åpningstider 2017

Voksen; 100,-

Pensjonister/studenter; 80,-

Barn 6-15 år; 50,-

Barn under 6 år i følge med voksen; gratis

Grunnskoleelever i Romsdal; gratis

Videregående og skoler utenfor Romsdal; 40,-

Grupper over 30 personer; 80,-                                                                                                                    

(full pris utenom sesong og åpningstid for alle avdelinger unntatt Krona, som har sesong hele året)

Skoler og barnehger i Romsdal: gratis. Se egen info om skole og barnahgetilbud med online booking.

Åpningstider 2017

19.06.–13.8.: Hverdager 11.00–17.00 Søndager 11.00–17.00

                                
Bestillinger til kulturkontoret i Nesset kommune:  71 23 11 91 / 414 18 816.
Nesset prestegard er tilgjengelig for grupper hele året - ta kontakt for avtale
 
Kontakt oss
Nesset prestegard v/ Kulturkontoret i Nesset Kommune
tlf: 71 23 11 91/414 18 816
eller

Romsdalsmuseet
Per Amdams veg 4 , 6413 MOLDE
Telefon : 71 20 24 60
post@romsdalsmuseet.no

Bestilling for leie av Fjøsen med lokaler:
Bestillinger til Kulturkontoret i Nesset kommune, tlf.: 71 23 11 91/414 18 816 eller bjorn@romsdalsmuseet.no

 

Instagram

Laster inn innhold