No har vi sommarope på musea våre!

Publisert: 25. Jun 2023
Sist endret: 16. Aug 2023

Sesongopning på musea våre

No har vi sommarope på musea våre! 

Her finn du ei oversikt over avdelingane våre du kan besøke i sommar.

Bygdemuseet og Krona i Molde

Velkomen til LEVANDE MUSEUM kvar dag frå 26.juni til 13.august kl 11.00 - 15.00!
Billetten gir deg inngang på bygdemuseet, der guidar og frivillige gir deg kunnskap og opplevingar, og i tillegg inngang til utstillingane på Krona!
I juli blir det sal av lodd på lykkehjul og du kan sjå Leikarrigen opptre kvar torsdag kl 13.

Krona er ope kvar dag kl 11.00 - 16.00. 

I veka med Moldejazz 17. - 23. juli, blir levande museum flytta til husa i Bygata. Sjå opningstider: JAZZVEKA

Sjå utstillinga "Randi Hultin og Molde - Jazzdokumentasjon fra Randi Hultins arkiv". Den faste utstillinga "Romsdalshistorier" er som ei vandring i Romsdal og er godt tilpassa for barn og vaksne.

Meir informasjon: https://www.romsdalsmuseet.no/no/besok-oss/romsdalsmuseet

Bud Kystmuseum i Bud

26.06. - 13.08.: ope alle dagar kl 11-15

Meir informasjon: https://www.romsdalsmuseet.no/no/besok-oss/bud-kystmuseum

Nesset Prestegard i Eidsvåg

25.06. - 13.08. ope tysdag - søndag kl 11.00 - 15.00

  • Bli med på omvising i dei ulike husa og høyr mellom anna om Bjørnstjerne Bjørnson og andre som budde her.
  • Sjå utstillinga "I lys og skugge"

Fiskerimuseet på Hjertøya

26. juni - 13. august kan du bli med inn i nokre av husa på Fiskerimuseet. Høyr guiden fortelje om liv opg virke på kysten og korleis husa har vprte brukt. Faste tidspunkt for omvising.

Meir informasjon: https://www.romsdalsmuseet.no/no/besok-oss/fiskerimuseet

Veøya

I sommar har vi mykje program på Veøya. Båt frå Vestnes, Molde, Nesjestranda og Åfarnes eller Rødven. Kvar helg i juli og nokre søndagar i august.

Meir informasjon: https://www.romsdalsmuseet.no/no/besok-oss/veoya

Løvikremma kystgard på Aukra

23.06. - 06.08. alle dagar kl 12.00 - 16.00.

Det er gratis inngang, men du kan kjøpe billett til omvising på staden. Rømmegraut hver lørdag, samt kiosk med sal av brus, kaffe, vaflar og anna. 

Meir informasjon: https://www.romsdalsmuseet.no/no/besok-oss/lovikremma

Steffågarden på Ona

Tilgjengeleg 26.06. – 13.08. Alle dagar ope hus.

Meir informasjon: https://www.romsdalsmuseet.no/no/besok-oss/steffagarden