Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 2. des. 2023
Tid: Kl 13.00
Sted: Konsertteltet på Romsdalsmuseet
Velkommen til foredrag med Bjørn Austigard - Lys og lysstell gjennom 2000 år
Til alle tider har lyset spela ei viktig rolle i livet til folk. I hundrevis av år greidde dei seg med enkle oljelamper og lyset frå bålet, men nye oppfinningar gjorde at dei alt i mellomalderen kunne sette lys i ein stake og dermed få «leselys».
Då parafinlampene kom i 1860-åra, var det nærast ein revolusjon på lysfronten, men også parafinlampene vart hengt bort då elektrisiteten kom for fullt på 1900-talet. På stader utan elektrisk straum tok folk i bruk karbidlykter og petromaxlamper, og slik har det eine avløyst det andre i 2000 år.