Covid-19 - Nasjonale tiltak frå 16. april 2021

Covid-19 - Nasjonale tiltak

Romsdalsmuseet følgjer dei nasjonale og Molde kommune sine tiltak for å hindre smittespreiing.

Les gjennom gjeldande tiltak her:
https://www.molde.kommune.no/koronaviruset/sammenkomster-og-arrangement/

Til deg som vil besøke oss på Krona:

  1. Utstillingar: ope som vanleg
  2. Kafé Mali: ope som vanleg, med redusert antal bord og stolar. Det skal registrerast kontaktinformasjon til dei gjestane som samtykkjer til dette
  3. Bunad Verksted: alle besøk må avtalast på førehand (epost / tlf.)
  4. Biblioteket: stengt. Ta kontakt på epost eller telefon ved spørsmål
  5. Leige av lokale: mulig, men må vurderast av den som vil leige om nødvendig, jfr. nye råd

Vi på Romsdalsmuseet legg vekt på at våre besøkande skal vere trygge hos oss. Samtidig ber vi kvar enkelt om å gjere sitt for å stoppe smittespreiinga.

Sosial kontakt

  • Hald ein meters avstand til andre bortsett frå personar i eigen husstand (eller nærkontaktane til åleinebuande).
  • Bruk munnbind når det ikkje er mulig å halde avstand. 

Vi har skjema for registrering av kontaktinformasjon for eventuell smittesporing. Du kan velge mellom papirskjema som du leverer i resepsjonen og elektronisk registrering via mobiltelefon.