Covid-19 - Nasjonale tiltak frå januar 2021

Covid-19 - Nasjonale tiltak frå januar 2021

Søndag 3. januar presenterte regjeringa ei rekke nasjonale tiltak for å få tilbake kontrollen på smittespreiinga av koronaviruset. Tiltaka vil i først omgang gjelde i 14 dagar frå og med 4. januar til og med 18. januar.

Les gjennom tiltaka her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/nye-koronatiltak-fra-4-januar/

Romsdalsmuseet ber alle om å gjere sitt for å stoppe smittespreiinga. Krona i Molde held ope som vanleg og vi legg vekt på å følgje dei råda som gjeld for at du som gjest skal føle deg trygg hos oss. Vi ber samtidig kvar enkelt om å ta ansvar for å halde avstand og elles følgje dei aktuelle råda.

Vi tilbyr frivillig registrering av kontaktinformasjon når du besøker oss og du kan velge mellom papirskjema som du leverer i resepsjonen og elektronisk registrering via mobiltelefon.

Samleside for Molde Kommune: https://www.molde.kommune.no/koronaviruset/