Ei historie om Opdøl sjukehus fortalt av Anne Hungnes

Dato: 18. Jun 2025
Tid: 19:00

Far til Anne Hungnes, Steinar Hungnes, var forvaltar og seinare økonomisjef ved sjukehuset. Familien budde i forvaltarbustaden inne på sjukehusområdet frå 1948 – 1967. Anne fortel først om korleis ho opplevde barndommen sin der fram til ho var 14 år.

I andre del av forteljinga fortel ho om ei dame som fekk jobb på sjukehuset i 1945 og jobba der til ho gjekk av med pensjon. Denne dama er ein fiktiv person som Anne skapte då ho i 2005 tok eksamen på Høgskulen i Oslo i «Muntlig fortelling».

For å skape forteljinga om denne fiktive dama, brukte ho informasjon henta frå lydopptak av gamle intervju, i tillegg til at ho intervjua 5 personar som var tilsette ved sjukehuset den tida ho sjøl budde der. Frå 1969 til 1973 arbeidde Anne på ulike avdelingar på sjukehuset i alle skuleferiar, ei erfaring som var viktig for å gjere forteljinga realistisk.

Velkommen til ei framsyning og forteljing om ein av dei store institusjonane i området vårt.

Inngang kr. 170,- inkluderer inngang på Sykehusutstillinga på Krona.

Kafe Mali er open for servering.