Folkemusikkonsert med Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm

Dato: 19. Oct 2023 - 19. Oct 2023
Tid: 19.00
Sted: Krona, Romsdalsmuseet

KVIVEN DUO

Gnistrande Vestlandsslåttar i stereo felespel

 

«Kvakksalvar-Guri» er debutalbumet til Kviven duo. Bak namnet finn me dei to meisterspeledamene Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm. Den vestlandske blygselen svinn som dugg for sol når den framoverlente duoen triv felene sine. Dei framfører gamle danseslåttar med ein djervskap og energi som gjer musikken høgaktuell.

Kvakksalvar-Guri sin fele er faktisk utsilt på Krona som ein del av utstillinga Systerspel! 

 

Kvernberg og Frøholm har kvar for seg lang fartstid som utøvande musikarar på heiltid, t.d. gjennom nyskapande band som Majorstuen, Maar, Boreas, Perleskum m.m.

 

I Kviven duo får me boltre oss i den tradisjonelle musikken samtidig som me tek den eitt steg vidare inn i det harmoniske med tostemt spel.

 

«Kvakksalvar-Guri» er duoen sitt første album, og også det nyoppstarta plateselskapet «Kviven Records» si første utgjeving.

I januar 2024 kjem duoen med sitt andre album. Der djupdykkar dei meir i tradisjonane frå Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal, under platetittelen «Nordlysets døtre».
 

Kafe Mali er åpen 18-19. Velkommen til å ta en matbit eller kaffe/kake i forkant av konserten.

Du kan kjøpe billett via lenken eller i resepsjonen i Krona/ved oppmøte.

Innslipp i konsertlokalet ca kl 18.55.

Billetter: Folkemusikkonsert med Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm

Kristin Støylen