Konsert med Skram og Bjørdal

Dato: 14. Apr 2024 - 14. Apr 2024
Tid: 12.30 - 13.30
Sted: Krona, Romsdalsmuseet

-med påfølgende søndagsdans!

Velkommen på konsert med duoen Skram og Bjørdal

-med påfølgende Søndagsdans!

 

12.30 - 13.30: Konsert

13.30 - 14.00: kaffe og lunsj for den som vil kjøpe

14.00 - 15.30: dans

 

  • Romsdal Spelemannslag spiller til dans ca 30-40 min
  • Duoen Skram/Bjørdal spiller til dans ca 30min.

 

Konserten er billettert:

Voksen                   kr 250,-

0-12 år:                      gratis

13-18 år:                 kr 125

Pensjonist:            kr 200,-

RMV-medlem:        kr 150,-

Kjøp billett her

Restplasser selges i resepsjonen på Krona.

Litt om utøverne:

Britt Elise Skram på fele og Kristina Farstad Bjørdal på akkordeon er to veletablerte musikarar i Møre og Romsdal. Båe er aktive og mykje brukte musikarar både nasjonalt og regionalt.

Dei har kjent kvarandre i mange år, og no har dei endeleg fått sjansen til å gå saman om å lage eit duoprosjekt for det dei begge brenn slik for: nemleg rund- og bygdedanstradisjonen frå sine heimstadar som dei ikler smakfulle arrangement og artige vriar.

Dei har også eit stort hjarte for folkemusikken andre stader i Noreg og Sverige, og dei har også nokre nyskrivne folkemusikkperler på programmet.

Tradisjonane har i alle tider vandra, og ein spelar ting ein syns er fint frå andre tradisjonar og gjer det til sitt eige. Slik held dei tradisjonen levande! 

 

Denne duoen har allereie hatt eigen konsert på NM på Trekkspel 2023 på Storefjell til fullsatt sal. Dei har og hatt fleire konsertar til stor entusiasme på mellom anna jazzklubben Hageverkstaden på Vestnes, på “Sommarkveld ved Fjorden” på Villasaga på Daugstad, og  artistar på den årlege sommarkonserten som Spelemannslaget Dåm og Drag arrangerer.

 

Dei har hausta mange lovord, og det har ofte blitt kommentert at duoen har ein unik musikalsk kommunikasjon både med kvarandre og med publikum.  I tillegg gjær arrangementa på folkemusikken det slik at dei framhevar det fine i melodiane og takta på ein framifrå måte.

Innimellom slåttane vert det historier og anekdoter som sett slåttane i ein rikare kontekst.

 

Velkommen på Konsert!