Lysleita II - ei fotoutstilling og film av Tor Sivertstøl

Dato: 27. nov. 2021 - 2. jan. 2022
Tid: 12:00
Sted: Krona, Skiftende utstilling

Kva passer vel betre i mørketida enn lys? Vi forbind lyset med nokre positivt, ein ny dag, ein ny vår, eit håp, varmen av lysa i den mørke førjulstida – kanskje spesielt etter den lange mørke Corona-tida? Mens vi feirar at samfunnet igjen har opna delvis opp, opnar vi også utstillinga LYSLEITE II på museet. Fotografen og filmskaparen Tor Sivertstøl som i 2014 vann Gullrutens beste foto for filmen Lysleite. Nå har han forska vidare på temaet, og midt i mørketida kan du sjå desse fantastiske fotoa og den nye filmen Lysleite II på Romsdalsmuseet. Her er kva kunstnaren sjølv seier om prosjekt LYSLEITE II:

"Lysleite ll er vidareføringa av filmen Lysleite som eg laga tilbake i 2013. Denne filmen vart seld internasjonalt og den vann Gullrutens beste foto i 2014 for filmen.

Som fotograf ser eg, eller leitar eg alltid etter lys. Så Lysleite er noko som alltid ligg i meg. Og under covid19 pandemien bestemte eg meg for å lage oppfølgingskonseptet Lysleite ll. Har alltid vore fasinert av lyset i mørketida her i Norge, men denne gongen fekk prosjektet ein dobbel grunn gjennom mørke tider under pandemien. Lysleite ll vart på mange måtar mi tolking av covid19 pandemien. Ein må aldri slutte å sjå etter lys, sjølv kor tungt det til tider kan virke. Der er alltid håp.

Midt under produksjonen av prosjektet så døde mi kjære mor, så då vart det endå ein grunn for meg reint personleg å finne lys i mørke. Ho var ein fantastisk god og lys person som stod meg veldig nær. Så heile konseptet vart eigentleg også ein hyllest til mi kjære mor som gjekk vekk i april 2021.

Lysleite ll er denne gangen er ei fotoutstilling kombinert med lyd og film som visas gratis i auditoriet på museet kvar dag. Har vist konseptet ein gong i Møre & Romsdal, i heimbygda Larsnes. Vart særs nøgd med korleis heile prosjektet framstod, det vart akkurat slik eg hadde tenkt. Intimt, men likevel storslått." Tor Sivertstøl, fotograf og filmkunstner. 

Utstillinga er tilgjengeleg frå 27.november til og med 2. januar. VELKOMMEN!

Utstillinga er satt opp på museet i samarbeid med Molde Kunstforening, og er støtta av Glamox AS.