Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 10. Nov 2025 - 10. Nov 2025
Tid: 18- 21
Sted: Krona, Romsdalsmuseet
Endring kan komme.
«...hos de Konditionerede betragtes jeg nemlig som en Sprogmand, men hos Almuen betragtes jeg som en Digter!»
- Ivar Aasen i brev til Carl Unger, 9.11.1850
Lenge før Ivar Aasen vart vidgjeten som språkforskar, var visene han dikta sungne i hus og heim kring om på Nord-Vestlandet.
Den dag i dag kan dei fleste «Nordmannen» (Millom bakkar og berg), og kanskje fleire Aasen-viser. Men dei færraste har høyrt dei mange flotte folketonane til visene hans, som har levd på folkemunne fram til våre dagar. Mange av dei finst no berre i folkemusikk-arkiva, og vert lite brukt. Denne skatten vil Romsdalsmuseet, Nynorsk kultursentrum og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (Viti) få fram i lyset!
Dette vil Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal (Viti), Nynorsk kultursentrum og samarbeidspartnarane gjere noko med. Vi vil lyfte fram folketonane til Ivar Aasens viser gjennom ein serie kurs- og konsertar hausten 2025.
På songkurset får du lære folketonar til Ivar Aasen sine viser. Gro Kjelleberg Solli har dukka ned i arkivopptak og sunge liv i gøymde tonar som har vore brukte til Aasen-visene. På kurset lærer du songane direkte frå kurshaldaren, slik det er vanleg i folkemusikken. Du treng ikkje kunne folkesong frå før av, men det er fint om du er glad i å syngje.
Kurset er ein markering av at den endelege utgåva av Symra av Ivar Aasen kom ut for 150 år sidan.
-kjem frå Angvika på Nordmøre og er busett i Os i Nord-Østerdalen.
Ho er utdanna folkemusikar og musikkpedagog ved Universitetet i Søraust-Noreg og Noregs musikkhøgskole, og arbeider ved Os kulturskole og som frilans folkemusikar.
Solli vann vokal klasse A under Landskappleiken i 2004 og 2012, og gav ut plata «Stien eg fann» i 2018.
Ho har medverka på ei rekkje sceneproduksjonar og plater.
Billettlenke / pris
-lenke vil komme.