Systerspel

Dato: 8. sep. 2023 - 4. nov. 2023
Sted: Krona, Romsdalsmuseet

av Benedicte Maruset

 "Systerspel" er ei vandreutstilling!

Den er basert på materialet henta frå boka med same tittel skriven av Benedicte Maruset.
Boka omhandlar også eit lengre essay der forfattaren drøftar kvifor det ein gong var så mange kvinner som spelte fele på 1700 og tidleg 1800-talet, og kvifor spelkvinnene lenge vart tause fram til 1970-talet. Essayet omhandlar også tema som haugianismen, dulde kjønnsfordommar i språket vårt, kappleikar, kvinner i media, metoo, med meir. Dette vil også formidlast i utstillinga.

 

Vandreutstillinga vil innehalde ferdigmonterte foto/illustrasjonar, tekstar, gjenstandar, lydklipp, utstillingsmontre, AV utstyr og scenografiske element.

 

Meir informasjon kjem.