Høvelmaking. 27-29.februar 2024 (fullt)

Dato: 27. Feb 2024 - 29. Feb 2024
Sted: Romsdalsmuseet

Høvelmaking. 27-29.februar 2024

KURSET ER FULLTEIKNA! Vi kan dessverre ikkje ta imot fleire påmeldingar denne gongen.

Møre og Romsdal Fylkeskommune, Fellestenesta bygningsvern-Nordmørsmusea og Romsdalsmuseet inviterer til handverkarsamling for verktøyentusiastar og handverkarar som arbeider med historiske bygg og fartøy.

Instruktør Roald RænmælmoFormål:

Auke kunnskapen om høvelen, samt lage sin eigen. Har du ein modell du vil kopiere, ta med. Ikkje vel ein for komplisert høvel som den første du skal lage. Ein sletthøvel, anten som vanleg einmanns med horn, eller som okshøvel er det me anbefalar. Ein vanleg okshøvel er gjerne 12 – 14 tommar lang og har tann som er 2 ¼”  - 2 ½” brei. Emnet til stokken bør  vere om lag 3” x 3”, minst 15 millimeter breiare enn tanna. Har du ein gamal høvel å sjå etter så gjer det arbeidet lettare.

Me oppfordrer alle deltagarane til å ta med seg høvler,  enten eigne eller frå musea for å lage til ei eiga studieutstilling. Undervegs i programmet vil me ta korte avbrekk for å studere verktøy og verktøyspor i Romsdalsmuseets hus og båtar.

Instruktør vil vere Roald Renmælmo. Sjekk ut bloggane: http://skottbenk.wordpress.com og http://hyvelbenk.wordpress.com

Program :

Tirsdag 27.februar:

1000: Oppmøte

1015 Høvelens historie, funksjon og utforming

1200 Lunsj

1300 Vi kikkar på gamle høvlar frå Møre og Romsdal

1400-: Høvelmaking i verkstaden

1600: Mat

Kveld: verkstad for dei som vil

Onsdag 28.februar

0815 Foredrag. Kromma lister

0900  høvelmaking i verkstaden

1200 lunsj

1300 høvelmaking

1600 mat

Kveld.  Verkstad for dei som vil

Torsdag 29.februar

0815 Foredrag.

0900Høvelmaking

1200 lunsj

1300 Høvelmaking og høvling med nylaga høvlar

1600 Mat

Fredag 1. mars

Nettverkssamling for handverkarar i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. Eige program kjem.

Verktøyliste:

Detaljert informasjon om høvelmaking og aktuelt verktøy finn du på ein serie med bloggpostar på denne adressa: http://skottbenk.wordpress.com/category/golvbord/snikring-av-golvplogar/

Sjå gjerne gjennom denne informasjonen før kurset.

  • Høvelstål
  • Eit godt, og gjerne litt kraftig ¾” eller 1” tappjarn til grovhogging av sponrommet, + klubbe.
  • To smale jern til forming av sidene i kilegangen. 3-6mm og 8-10mm er omtrent passe.
  • Et superskarpt gjerne litt langt og tynt jern til finforming innvendig i sponrommet.
  • Ein god skarp kniv
  • Treskjærejern kan være fint å ha om du ønsker å lage litt enkel dekor.
  • Ein god høvel egna til finhøvling + gjerne ein liten støthøvel.
  • Bakksag eller anna god fintanna sag,
  • Rotterumpe, -smal sag til saging av kilegang.
  • Bor eller navar på ca 4-5mm
  • Fast og stillbar vinkel  + gjerne ein gradvinkel/gradskive.
  • Tommestokk, (linjal?), blyant, strekmot(ripmot) og rissnål

Alt skjærande verktøy bør vere kvest og klart til høvelmakinga.

Info

Samlinga vil foregå i Romsdalsmuseet sin verkstad. Bespisning, faglige innlegg vil vere på Reknesstabburet.

Pris og påmelding

Kr 900,- inkl. materiell. Påmelding innan 19/2-24 til oyvind@romsdalsmuseet.no

Minner også på om Nettverksamling 1. mars, for tradisjonshandverkarar i Møre og Romsdal. Eige program og invitasjon kjem.

For spørsmål :

Øyvind H. Vestad, 995 49 894 oyvind@romsdalsmuseet.no

Overnatting.  Dei som vil kan ligge i sovepose på Reknesstabburet. Ellers så har Molde mange hotell i gangavstand frå museet.

Logo Romsdalsmuseet Logo Møre og Romsdal Fylkeskommune Logo Nordmørsmusea

Foto: Roald Renmælmo