Edvard Hoem fortel om sin nye roman «HUSJOMFRU»

Dato: 3. Dec 2023 - 3. Dec 2023
Tid: 13:00
Sted: Konsertteltet på Romsdalsmuseet

Edvard Hoem fortel om sin nye roman «HUSJOMFRU»

Bokomslag Husjomfru av Edvard HoemTilfeldige skjebnekast og kanskje også hennar eigne ambisjonar, gjorde at Julie Elisabeth Hoem mesteparten av livet gjorde teneste i dei mest fornemme hus i Bergen. Her var oppgåva hennar å fordele oppgåver til dei andre tenarane, som mot slutten kunne vera ein heil flokk på seks eller åtte personar, inkludert kjøkkenjenter, barnejenter, stuepiker og til og med stallkarar og andre menn som arbeidde i dei rike familiane, blant dei familiane Semb, Thesen og Jebsen.

Da ho var femti år, fekk ho ikkje fleire stillingar i velstandshusa. Sidan det ikkje fanst pensjon og andre velferdsordningar, måtte ho brødfø seg på ulikt vis, blant anna med å selja fiskemat og assistere ved større selskap. Fordi ho hadde forlate familien i svært ung alder, gjekk også kontakten med slekt og gamle venner tapt. Da ho døde, stod det i avisene at Julie Elisabeth Hoem hadde ingen Slegtninge og intet Efterladt.

Edvard Hoem seier om arbeidet med boka: - Eg vart uavlateleg mint om den sterke trongen vi menneske har til fellesskap og samvær med andre menneske, men også om den djupe einsemda som er ein del av vår lodd. Det gjekk opp for meg også dei menneska som døyr utan avkom og utan å etterlata seg ein skilling, har alle hatt eit eineståande liv og ein unik lagnad. Nettopp hos slike menneske blir dei spørsmåla menneska har stilt seg til alle tider sette på spissen, samtidig som nettopp dei står fram i det lyset som gir kvar tidsepoke sin eigen farge og smak.

Edvard Hoems nye roman, «Husjomfru», tar på eit spinkelt kjeldegrunnlag, for seg livet til ein person som elles ville ha vore gløymt, nemleg Julie Elisabeth Hoem, den yngste av dei sju døtrene til felemakar Lars Olsen Hoem.

Kjøp billett her

 

Foto frå førjulshelga 2021 på Romsdalsmuseet.