Romsdalsmuseet
71 20 24 60
Per Amdams veg 4
6413 Molde
Dato: 30. Aug 2025 - 30. Aug 2025
Tid: 10.00 - 16.00
Sted: Istadkroken Ytste
Romsdalsmuseet ønskjer velkomen til kurs i tørrmuring 30. august 2025
Steingardar og steinmurar har vore lite påakta som kulturminne, samanlikna med andre byggverk. Samstundes ser vi at kunnskapen om korleis ein byggjer og vøler om gamle steinsettingar svinn hen. Med andre ord ser vi eit behov for å auke kunnskapen ut til folket om enkel muring av stein.
Ved å restaurere ein del av postvegen på Istad i Molde kommune tenkjer vi å bidra i eit løft for ivareta desse kulturminna samt auke kunnskapen om steinbyggjarkunsten. Vi vil difor i samarbeide med fagleg kvalifisert murmeister og grunneigar invitere til dagskurs 30 august 2025.
Program:
Formidling av tørrmuringsteknikk ved praktisk øving ved handreidskap og stubbebrytar på postvegen ved murmeister Torgeir Erdal. Ta ned gamal mur, leide vatnet unna, sikre støtte og sette opp ny mur av naturstein frå staden.
Ta gjerne med eige reidskap som spett, spade, grafse og liknande. Ta med matpakke – elles vil det bli servert kaffi og nogo attåt.
Tid og stad:
Oppmøte kl 10 og avslutning kl 16. Oppmøte ved postvegen på garden Istadkroken Ytste (Istadvegen 1143) i Molde kommune. Parkering ved garden (sjå kart).
Prisar for kurset:
Påmelding til kurset:
Venteliste dersom fullt:
Send epost til post@romsdalsmuseet.no og skriv kva det gjeld. Vi kontaktar deg dersom det blir ledig plass.
For dei interesserte: