SKOGEN SOM RESSURS, med Bjørn Austigard

Dato: 14. Feb 2023 - 14. Feb 2023
Tid: 19.00 - ca. 20.00
Sted: Krona, Romsdalsmuseet

Haustingsskogbruket og det gamle kulturlandskapet

Bjørn Austigard har arbeidd, lest og studert utnytting av skogen til mat for folk og dyr i 50 år. Første artikkel om emnet skreiv han i Romsdals Budstikke i 1972. Artikkelen var trykt oppatt i Romsdalsmuseets årbok 1973.

I 1978 tok Sverre Berg og Bjørn Austigard initiativ til to dokumentarfilmar om 'haustingsskogbruket', og i mai 1979 leia han opptaka til filmane «Almegnag» og «Hatleband» i Eikesdalen. Dei er på rundt 12 min kvar og vil bli vist under foredraget.

Foredraget er billettert og er i regi av Romsdalsmuseet.

Pris: kr. 120,-
Medlemar i RMV (Romsdalsmuseets Venner) får halv pris, sjå eigen priskategori. Årsmedlemskap for 2023 må vere betalt.

Sikre deg plass ved å kjøpe billett på førehand. Det er kun 87 plassar i salen.

 Kjøp billett her

 

Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Nederste foto av personar med river er frå Berg i Vistdalen. Givar: Alf-Erik Birkeland.