BYGG! - og bevare meg vel!

BYGG! - og bevare meg vel!

Periode: 1 feb. 2021 - 30 juni 2022
Målgruppe: 5. trinn, 6. trinn og 7. trinn

BYGG! – og bevare meg vel!

Vi har med fire ulike byggesett til skulen, og elevane får  praktisk kjennskap til byggetradisjonar i Møre og Romsdal.

Dei gamle byggeteknikkane var rett og slett geniale!

Naust, løer og hus blei sette opp utan ein spikar! Og dei har stått støtt i både storm og orkan.

Bygg er tilpassa bruken og landskapet. 
 

Elevene får bygge på den tradisjonelle måten: Grindbygg, bukkebygg, stavlinebygg og laftebygg. 

 

 

 

 

 

 

 

Grovt sagt er grindbygg brukt på Sunnmøre, stavlinebygg på Nordmøre.

Vi i Romsdal har ein spennande variant som vi kallar bukkebygg. Dette er ein «hybrid» mellom grindbygg og stavlinebygg.

Laftebygg er felles for heile fylket (landet).

 

Elevane  utforskar og deltek i praktisk arbeid, og  får slik auka forståing og interesse for bygg i lokalmiljøet sitt, berande konstruksjonar og arkitektur.

Formidlinga skjer ved bruk av fire frittståande byggmodellar, utforma som byggesett. Dei er ca. 1,20 x 0,90 meter store.

Tidsbruk: ca. 3 skuletimar.

 

  • Elevane får kort lære om byggeskikkane, og forklart konstruksjonene.
  • Deretter får dei montere saman byggesetta i grupper. 

Bygningsdelane er merka med fargekodar som gjer det enklare å sjå kva for delar som høyrer saman.

Elevane må bruke alle sansane, kjenne på materialet, samarbeide og tenkje logisk. 

  • Til slutt har vi fellessamling og konkurranse der dei skal plassere foto av bygg i rett kategori.

 

Les meir her:

 DKS: Bygg! - og bevar meg vel.

 

Kontakt kulturavdelinga i Møre og Romsdal for å ønske/bestille: kultursekken@mrfylke.no